Noko
skjedde ein junidag i 2005. I ei ørlita primitiv hytte på ein
seterstøl i Sykkylven sit 22 år gamle Severin Rønes og et tørka
pastagryte frå ein turpakke. Vatnet koker han på gassbluss. Severin
har sagt opp den trygge jobben på møbelfabrikken. Her har han jobba
i fem år, men kjenner seg som ein fisk på land. Livet er rutine.
Stå opp, gå på arbeid, stå ved ei maskin, gå heim, ete middag.
Alle dag er lik.Det er ikkje slik Severin vil ha det. Difor har han
pakka ullklede, fjellsko, fiskestong, sovepose og liggeunderlag. Og
store mengder turmat. No sit han på familiens seterstøl og funderer
på om valet er rett. Er han sprø som har sagt opp jobben utan ein
annan plan?
Han
får rikeleg med tid til å tenke. Dei neste månadene lever han mest
mogleg ute i naturen. I telt, i gapahuk. Jaktar og fiskar. Prøver å
finne roa. Den roa han har lengta etter sidan han var 17 år. Men roa
kjem ikkje med ein gong. Han er einsam. Det tar tid å venne seg til
å vere åleine.
– Eg
ville ha eit friare liv der eg var min eigen herre. Dei rundt meg
lurte på kva eg tenkte på. Eg lurte litt sjølv også, seier
Severin.
Friåret
skulle endre livet til den unge mannen og sende han til ein veglaus
gard som besteforeldra forlét i 1967. Garden Rønes i Sykkylven har
blitt Severins paradis. Her han han budd i 10 år. For more
information visit here: http://severinrønes.no